Karsten Warholm tok seg onsdag kontrollert vidare til finale på 400 meter etter siger i sitt semifinaleheat. Warholm leverte årsbeste på distansen med 44,91 og var like bak sin norske rekord, sjølv om det ikkje var full gass mot slutten av løpet. Med det hadde 22-åringen den nest-beste tida i semifinalane og viste at han blir å rekne med i medaljekampen fredag.

Men før 400 meter-finalen var det klart for høgdepunktet i EM, finalen på 400 meter hekk, der Karsten Warholm på førehand var den store favoritten.

Det store spørsmålet før finalen var kor mykje krefter det hadde kosta å springe semifinale både flatt og med hekkar.

For Warholm har lagt opp til eit hektisk program under EM, med fire løp på fire dagar.

I finalen var det Yasmani Copello som på førehand var den klaraste utfordraren til Warholm. Copello såg svært sterk ut i semifinalen og vann sitt heat enkelt. Tida hans var ikkje like rask som Warholm si semifinaletid, men Copello tok det veldig roleg på oppløpet og såg ut til å ha mykje meir inne.

Finalen på 400 meter hekk i Berlin gjekk akkurat eit år etter VM-finalen i London der Warholm tok sitt sensasjonelle VM-gull, og kanskje skulle det bli nytt gull 9. august 2018?

Warholm fekk bane seks i finalen, med sin hardaste utfordrar to baner innom seg. 22-åringen frå Ulsteinvik storma som vanleg ut frå startblokkene og såg ikkje ut til å vere særleg prega av to tunge løp frå start.

Allereie ut av første sving var Warholm langt framme, men Copello starta også godt. Ut på oppløpet var det faktisk Copello som var i føringa, men over siste hekken slo Warholm knallhardt tilbake og storma frå den tyrkiske løparen.

I mål var Warholm på 47,64 og norsk rekord! Eit fantastisk løp, både frå Warholm og Copello, men det var Warholm, Norge og Ulsteinvik som kunne juble for gull! Også Copello sette personleg rekord i sitt løp, men i mål var han til slutt 17 hundredelar bak nordmannen.

Thomas Barr frå Irland tok tredjeplassen.

Då Karsten Warholm tok VM-gull for akkurat eit år sidan var vinnartida 48,35. At han måtte ned 61 hundredelar for å ta EM-gullet seier mykje om prestasjonen Warholm leverte i Berlin.

- Eg elskar slike øyeblikk, sa ein sliten, men lukkeleg Warholm til NRK etter målgang.

Karsten Warholm er heller ikkje ferdig med sitt EM. Allereie fredag er han klar for ny finale, då på 400 meter utan hekkar. I utgangspunktet måtte Warholm gjennom premieutdeling torsdag kveld, men ifølgje NRK har vêret i Berlin ført til at denne blir flytta og at Warholm dermed får betre tid til restitusjon og kvile før finalen på 400 meter hekk.