Karsten Warholm leverte gull på 400 meter hekk torsdag, men var ikkje ferdig med sitt EM av den grunn. Allereie fredag stod det ein ny finale på programmet, no på 400 meter flatt.

Der Warholm var storfavoritt på langhekken, var det briten Matthew Hudson-Smith som fekk favorittstempelet denne gongen.

Hudson-Smith leverte ei svært imponerande semifinale, der han jogga roleg over mållinja, men likevel kom i mål på sterke 44,76.

Det var raskast av alle i semifinalane, framom belgiske Jonathan Borlée (44,87) og Karsten Warholm (44,91).

Karsten Warholm vart meir pressa enn Hudson-Smith i sitt semifinaleheat, men hadde likevel bra kontroll på førsteplassen framom Luka Janezic, og dei to sikra seg direktekvalifisering til finalen.

Med berre sjette beste personlege rekord i finalefeltet var ikkje Warholm rekna med heilt oppe i gullkampen, men med forbetringa Warholm har hatt på 400 meter hekk denne sesongen, burde det også vere mogleg å presse ned tida på same distanse utan hekkar. Så sant 22-åringen hadde meir krefter igjen etter gullet torsdag.

Det såg ikkje ut til å vere noko i vegen med tenninga til Warholm, som brølte ut mot publikum då han vart presentert før løpsstart.

Både Warholm og Hudson-Smith opna sterkt, men det var briten som var raskast og som storma frå feltet, medan det viste seg at Warholm var tom for krefter. Ut på oppløpet hadde ikkje Warholm meir å køyre med og han datt bakover i feltet og enda til slutt på sisteplass i feltet. Ikkje heilt den opplevinga Dimna-utøvaren ønska seg, men EM er likevel ein stor suksess for 22-åringen, som sikra EM-gullet han var på jakt etter på 400 meter hekk.

Hudson-Smith vann med 44,78, framom Kevin og Jonathan Borlée. Warholm kom i mål på 46,68.

- Eg kjenner det i heile kroppen, seier Warholm til NRK etter løpet.

Han fortel at det blei for tungt med fire så tøffe løp på fire dagar, men utelukkar likevel ikkje at han kan kome til å gjere noko sånt igjen på eit seinare tidspunkt.

Seinare i kveld får Warholm utdelt medaljen frå 400 meter hekk.