La inn protest mot Warholm

NRK melder fredag at det tyrkiske friidrettsforbundet ville ha Warholm diska etter EM-gullet på 400 meter hekk.
Sport

Ifølgje NRK vart det lagt inn ein protest mot Karsten Warholm etter gulløpet på 400 meter hekk torsdag. NRK skriv fredag at det var Tyrkia som la inn protesten. Yasmani Copello tok andreplassen bak Warholm og ville fått gull om protesten vart tatt til følgje, men Håvard Tjørholm i Norges Friidrettsforbund fortel til NRK at juryen har behandla saka og avvist protesten.

Fredag kveld skal Warholm springe finale på 400 meter.






Karsten vann etter knallhard duell

Yasmani Copello gav Warholm kamp til mål, men Warholm var sterkast på slutten.