Ut frå tabellplassering var det ingen tvil om at Hødd var store favorittar før bortekampen mot Vard Haugesund laurdag. Hødd måtte likevel bryte eit lite Vard-kompleks dersom det skulle bli siger, for i løpet av dei fem siste kampane mot Haugesund-laget har det enda med to tap og tre uavgjorte.

Denne sesongen er likevel Hødd i toppen av avdelinga, medan Vard er på desperat poengjakt for å klatre på tabellen. Uansett resultat i kampen mot Hødd ville nemleg Vard bli verande på sisteplassen.

Hødd tok kommandoen frå start på Haugesund stadion og sleppte omtrent ikkje Vard ut av eigen halvdel dei første minutta, men Hødd kom ikkje spesielt nære scoring i opningsminutta.

Det første kvarteret på Haugesund stadion var rett og slett svært sjansefattig, med to lag som begge sleit med å halde i ballen over tid.

Ei av Hødd sine første avslutningar på mål kom først etter 24 minutt, då Markus Naglestad tok med seg ballen inn i feltet etter ein kort corner, men keeper Kinn hadde ok kontroll på skotet.

Farlegare blei det då Skartun fekk avslutte frå 15 meter eit par minutt seinare, men Ole Monrad Alme redda markkryparen.

Magnus Myklebust prøvde seg frå svært spiss vinkel etter 28 minutt, men ballen gjekk like på utsida av stolpen og i nettveggen bak Vard sin keeper.

Men så skulle Hødd få ein skikkeleg stor sjanse. Eirik Franke Saunes slo inn frå venstre, ballen vart heada ut til Daniel Eid, som tok seg forbi ein forsvarar, men blei felt i same situasjon. Dermed straffe og sjanse frå 11 meter for Markus Naglestad.

Derfrå var angriparen sikker og rulla ballen ned i keeper sitt venstre hjørne, medan keeper slengde seg andre vegen. Dermed leiing for Hødd etter 33 minutt.

Mykje meir skjedde ikkje før pause og Hødd kunne gå i garderoben i føringa. Det utan å imponere stort, men bortelaget hadde likevel ein slags kontroll på det som gjekk føre seg på Haugesund stadion.

Berre to minutt etter pause gjekk det gale for Hødd. Hødd rota vekk ballen på midten og var i fullstendig ubalanse på eigen halvdel. Ballen vart slått inn frå dødlinja og framom mål og der dukka Oddbjørn Skartun opp og banka ballen i nett-taket. Svakt forsvarsspel av Hødd.

Men det tok ikkje lang tid før Hødd var tilbake i føringa. Etter ein corner frå høgre sprang Daniel Eid seg fri i feltet og stussa inn Hødd sitt andre mål.

Magnus Myklebust fekk ei bra moglegheit etter 58 minutt, etter at Hødd vann ballen i gunstig posisjon, men avslutninga frå angriparen gjekk midt på keeper. Like etter fekk Hødd corner og Eirik Haugan var sterkast i feltet, men klarte ikkje styre headinga på mål.

Etter 66 minutt rulla Hødd fint opp på høgre. Bendik Rise slo ei nydeleg pasning mot Magnus Myklebust, men han vart akkurat takla før han fekk avslutta frå god posisjon og Vard kunne puste letta ut.

Mot slutten av kampen såg Hødd ut til å vere godt fornøgde med å forsvare seg, bruke tid når dei kunne og ta kontringar dersom sjansane baud seg.

Vard Haugesund hadde ikkje så mykje å kome med offensivt og det såg dermed ganske komfortabel ut for Hødd, sjølv om det berre var det eine målet som skilte laga.

Det store presset for utlikning kom aldri frå Vard Haugesund og sjølv i overtida hadde dei blåkvite bra kontroll. To minutt på overtid fekk også Hindal to gule kort i løpet av 30 sekund og Vard måtte avslutte med 10 mann. Det siste kortet kom for å ta frå Joachim Osvold ei kontringsmoglegheit.

Dommaren la til over fem minutt på Haugesund stadion, men det var først mot slutten av overtida at ballen kom i nærleiken av Hødd sitt mål. Ein svak Vard-corner vart det siste som skjedde i kampen og Hødd held oppe trykket i toppen av avdelinga. Laget passerte no Skeid og har førsteplassen fram til Skeid sin bortekamp mot Nardo laurdag ettermiddag.

Kampfakta:

2.-divisjon avdeling 2:

Vard Haugesund–Hødd 1–2 (0–1)

Haugesund stadion

Dommar: Svein Tore Sinnes, Flekkefjord FK

Gule kort: Oddbjørn Skartun, Andreas Ulland Andersen, Bendik Rise, Markus Naglestad, Magnus Myklebust, Hindal (x2)

Raudt kort: Hindal

Mål: 0–1 Markus Naglestad (33), 1–1 Oddbjørn Skartun (47), 1–2 Daniel Eid (49)

Hødd: Ole Monrad Alme–Eirik Haugan, Henrik Breimyr, Steffen Moltu–Daniel Eid, Bendik Rise (Preben Sætre 88), Joakim Wrele, Marius Hagen, Eirik Franke Saunes–Magnus Myklebust (Andreas Breimyr 73), Markus Naglestad (Joachim Osvold 82)