Søndag ettermiddag var NM på Byrkjelo avslutta med utdeling av kongepokal for kvinner og menn. Sigrid Borge frå Osterøy vann kongepokalen for kvinner, medan Dimna-utøvaren Karsten Warholm fekk kongepokalen for menn for fjerde gong på rad.

Warholm fekk pokalen etter å ha vunne 400 meter hekk på tida 49,01 og 400 meter med 47,32.

- Dette var veldig gøy. NM i si heilheit har vore veldig gøy og eg er veldig fornøgd. Eg er spesielt fornøgd med at eg klarte å tyne ut eit løp fredag som stod til kongepokalkvalitet, seier Warholm. Han slår også fast at han på ingen måte tok kongepokalen for gitt.

- Eg hadde eit lite håp, fordi eg leverte ei ganske bra tid, og det er jo det ein rangerer det på.

Warholm understrekar også at kongepokalen ikkje er hovudmålet når han går inn i eit NM, men at målet alltid vil vere å levere så gode løp som mogleg og at ein kongepokal eventuelt vil vere resultatet av at han får til dette.

- Eg tenkjer alltid først på løpet og det må eg gjere! Eg har alltid sagt at kongepokalen er ei perfekt gulrot for NM, for å skape litt ekstra trykk og få kvalitet på prestasjonane i NM, seier Warholm.