I helga vart Karsten Warholm norsk meister både på 400 meter og 400 meter hekk, i tillegg til å sikre seg kongepokalen for fjerde året på rad.

Allereie onsdag skal Warholm snøre på seg piggskoa i ny konkurranse, då han stiller til start under Trond Mohn Games på Fana i Bergen. Stemnet blir arrangert til ære for Trond Mohn i samband med at Mohn blir 75 år i 2018.

Til Fana stadion skal mange av landets beste friidrettsutøvarar for å delta på "bursdagsfeiringa". Karsten Warholm er ein av dei som blir trekt fram, men det blir truleg ikkje på normaldistansen sin Warholm skal springe.

Truleg blir det i staden ein 300 meter for Warholm. Dette er ikkje ein spesielt vanleg distanse, men i Norge er det Quincy Douglas som har bestenoteringa på 300 meter med 32,82. Karsten Warholm er registert med ei tid på 300 meter, då i G15-klassa, på 36,23. Truleg er det duka for ein solid personleg rekord på Fana stadion.