– Når den ballen går i mål så er det eufori

Marius Hagen var tilbake med ein smell og Markus Naglestad avgjorde for Hødd med eit kunstverk av ei scoring.

Markus Naglestad hælsparka ballen i mål frå 10-12 meter då han sørga for 2-1 scoringa som gav Hødd tre poeng mot Skeid.   Foto: Per Werkland.

Sport

Marius Hagen har gått glipp av dei fem siste Hødd-kampane med eit brot i kneskåla. Søndag var han tilbake då Hødd tok imot Skeid og Hagen brukte ikkje lang tid på å markere seg i returen.