Mykje på spel søndag

Hødd-tap for Skeid vil sørge for at laget frå Oslo sikrar den direkte opprykksplassen.

Hødd møter Skeid på Høddvoll søndag. Skulle Skeid vinne kampen vil Oslo-laget sikre seg den direkte opprykksplassen.  

Sport

Tidlegare søndag spelte nemleg Egersunds IK 2-2 mot Nardo. Det betyr at det er sju poeng frå Skeid og ned til EIK og KFUM Oslo, medan avstaden til Hødd er åtte poeng. Skulle Skeid vinne på Høddvoll vil opprykket vere sikra allereie tre rundar før sesongslutt.

Skulle Hødd derimot vinne over topplaget, vil Hødd krympe avstanden til fem poeng før dei tre siste kampane og i tillegg overta andreplassen i avdelinga. Den er svært viktig, for sjølv om det berre er eitt lag som rykkjer direkte opp, så gir andreplass sjansen til å sikre opprykk gjennom kvalifisering.

Med Egersund sitt poengtap søndag har Hødd alle moglegheiter til å overta denne andreplassen og dermed sikre seg eit bra utgangspunkt før dei tre siste serierundane, samt å sørge for at det framleis kan vere ei lita moglegheit til å hente inn Skeid, dersom Oslo-laget skulle snuble fleire gongar i innspurten.

Eirik Haugan går glipp av kampen med karantene for gule kort, men Marius Hagen kan vere tilbake etter å ikkje ha spelt sidan 25. august.

Sist helg vann Hødd over Arendal på bortebane. Det var første sigeren på seks kampar for dei blåkvite. Til samanlikning har Skeid vunne fire av sine fem siste.


Blåsarane mobiliserer før Hødd–Skeid:

– Still opp! Møt på kamp og støtt laget så mykje som du kan



Søndag 18:00

Hødd - Skeid