Viktig siger i opprykksjakta

Christian Mork scora det tredje målet då Frigg slo opprykksrivalane frå Lyn.

Frigg og Christian Mork vann 3-0 over opprykksrivalen Lyn laurdag, i ein kamp der Mork scora det tredje målet for Frigg.   Foto: Arkiv

Sport

Det ser ut til å stå mellom Frigg, Lyn og Senja i kampen om opprykk frå 3.-divisjon avdeling 6. Laurdag sikra Frigg og Christian Mork seg ein svært viktig siger då Lyn blei slått 3-0 på Marienlyst.

Heimelaget scora to gongar før pause, og fekk ei hjelpande hand frå Lyn då Christoffer Lars Simensen vart utvist medan Frigg feira sitt andre mål. Etter pause blei det berre ei scoring, men den var det den tidlegare Hareid-, Hødd- og Follospelaren Christian Mork som stod for. Dermed 3-0 til Frigg som passerte Lyn og som toppar avdelinga. Senja kan kome opp på like mange poeng søndag, dersom dei slår Korsvoll.

Dette var Mork si femte scoring for sesongen.

For Frigg står det att tre seriekampar denne hausten. Først ut er Korsvoll, før Finnsnes og Senja avsluttar sesongen for Oslo-laget. Spesielt den siste kampen kan bli heilt avgjerande for Frigg.

Laget har levert ein svært god sesong, der spesielt det defensive har vore imponerande. På 23 kampar har laget berre 12 baklengsmål. Laget gjekk også ein periode tidlegare i sesongen med åtte kampar utan å sleppe inn mål.

Christian Mork er inne i sin tredje sesong for Frigg.