Arrangerer «Mitt Valg»-kurs

Hareid IL spelar med «Mitt valg» på drakta. No inviterer idrettslaget trenarar og tillitsvalde til gratis grunnkurs på Melshorn hotell i slutten av oktober.

Inviterer til kurs: Frå venstre: Leiar Ulstein-Hareid Lions, Knut Falk. Leiar Friidrettsgruppa, Odd Erling Eriksen. Dagleg leiar i Hareid IL, Anita Waage. Leiar Turngruppa, Ina Flø Nesset. Leiar Handballgruppa, Jeanette Teigene og leiar Fotballgruppa, Cecilie Bjørlykke. 

Sport

– Målet er at alle lag skal vere representerte og eg håpar at alle trenarane i Hareid IL kan vere med på kurset, fortel Anita Waage, dagleg leiar i Hareid IL.

Gode samfunnsborgarar

Laurdag 27. oktober arrangerer idrettslaget i samarbeid med Ulstein-Hareid Lionsklubb «Mitt Valg Grunnkurs Idrett» på Melshorn hotell.

Gjennom dette grunnkurset er målet å gje trenarane og dei tillitsvalde meir kompetanse og ei betre plattform til å bidra i oppdraginga av barn og unge til gode samfunnsborgarar. På nettsidene til «Det er mitt valg» står det at ein ønskjer å gje trenarar og lagleiarar eit verktøy som kan hjelpe til med å bygge eit positivt og inkluderande trenings- og konkurransemiljø blant dei unge utøvarane.

Anita Waage fortel at Hareid IL dei siste åra har vore svært opptekne av Fair Play, noko som mellom anna resulterte i at klubben vart kåra til «Årets Fair Play-klubb» av Sunnmøre fotballkrets i 2016.

– Då var vi veldig bevisste på at vi gjekk inn i kvart lag og snakka om fair play og om korleis ein skal vere mot kvarandre. Dette er på ein måte ei oppfølging av dette, men no går vi meir mot dei ansvarlege, trenarane og lagleiarane, fortel Waage.

Bli kjende på tvers av gruppene

I tillegg til trenarar og tillitsvalde i Hareid IL har klubben også invitert med seg Hjørungavåg IL til å delta på kurset.

– Eg håpar vi får ein kjekk dag saman, der vi kan verte kjende på tvers av gruppene på ein litt annan måte. At vi kan sjå at vi jobbar litt inn mot det same, med haldningar og med å skape gode borgarar. Det er som dei seier, at det er betre å bygge barn enn å reparere vaksne, seier Waage.

Det er Trond Rekstad som skal leie grunnkurset. Kurset som blir arrangert på Melshorn hotell er ein del av ein ny kursstige som er utvikla av «Mitt Val». Waage fortel at dersom kursdagen blir vellukka så kan det bli aktuelt å også gå vidare med denne kursstigen seinare.

– Eg meiner at det med kompetanseheving og påfyll er veldig viktig. At ein kan ta med seg dette vidare og bruke det til å motivere dei unge, seier Waage.

Påmeldingsfristen til kurset er 12. oktober.