Karsten Warholm:

Startar elitestemne på heimebane

25. januar skal innandørssesongen i friidrett for alvor skyte fart. Då inviterer Karsten Warholm til elitestemne i Ulsteinhallen med internasjonal deltaking.

Vil ha meir av dette Karsten Warholm inviterer til friidrettsfest i Ulsteinhallen 25. januar. Dit håpar han å ta med seg både nasjonale og internasjonale utøvarar, og at dei skal få kjenne på stemninga som publikum i Ulsteinvik har skapt under både NM og Dimna Games. Her jublar Warholm for norsk rekord på 400 meter under innandørs-NM i Ulsteinhallen i 2017.  Foto: Arkiv.

Sport

Warholm fortel at inspirasjonen til stemnet kom etter deltakinga under Dimna Games i fjor.