Åtte lag er klare

Dei første jente- og damelaga har meldt seg på til årets Grendacup, men det er framleis plass til mange fleire.

«Kvil dej»: Bergsøy sin storscorar Franjo Tepuric er ein av spelarane som skal representere «Kvil dej» under Grendacupen i romjula.  Foto: Andreas Steinnes Bjerknes

Sport

«Ikketapåme» vart første damelaget som meldte seg på til Grendacupen 2018. Turneringa blir i år arrangert for 25. gong og arrangørane håpar på svært godt oppmøte til den tradisjonsrike cupen.

No er det likevel berre ti dagar igjen til påmeldingsfristen går ut, og det er framleis eit godt stykke igjen til ein når forårets påmeldingar.

Så langt er det nemleg berre eitt damelag som har meldt seg på, og det same er stoda i guteklassen der «Julekroppen IL» framleis er einaste innslag.

I jenteklassen har både «Team Meight» og Gaasø & Co» registrert seg for spel.

Herreklassen er vanlegvis den der flest melder seg på, og det er også der det har kome flest påmeldingar så langt, men enn så lenge er det berre «Sygjing», «Gyazo», «Kvil dej» og «o2-Snapparane» som har fått levert inn påmeldingsskjemaet.

Sjå oversikt over dei påmeldte laga på Grendacupen sine nettsider