– Han har vore ein bauta

Hødd-budsjettet er endeleg i mål, men utfordringane står i kø. Tysdag vart det klart at sportssjefen sluttar i klubben.

Det er travle dagar for Hødd og klubben sin daglege leiar, Oddmund Davik Otterlei. Måndag fekk dei endeleg på plass budsjett for 2019-sesongen og tysdag vart det klart at sportssjef André Nevstad har sagt opp stillinga si i Hødd.   Foto: Linda Eikrem

Sport

Det har vore ei spesiell tid i Hødd den siste månaden. Arbeidet med å få på plass eit budsjett har tatt mykje lenger tid enn venta, men måndag vart styret og administrasjonen i klubben endeleg samde.