Møter verdsmeister på heimebane:

– Har lagt opp til stor fallhøgde for meg sjølv

Denne sesongen skal Karsten Warholm ta opp jakta på Abderrahman Samba, men først vil han springe fort og skape friidrettsfest i heimbygda.

Sesongdebuterer heime: 25. januar er Karsten Warholm klar for å legge ut på sin første 400 meter i konkurranse i 2019. Då inviterer han til friidrettsfest i Ulsteinhallen under "Karsten Warholm International", der både norske og utanlandske utøvarar skal delta.   Foto: Andreas Steinnes Bjerknes

– Eg gler meg veldig og det har eg gjort lenge, heilt sidan eg fann ut at stemnet blei ei realitet. Forma kjennest betre enn på lenge, kanskje betre enn nokon gong og utsiktene for min eigen del ser veldig bra ut.

Sport

Karsten Warholm har vunne både EM- og VM-gull på 400 meter hekk. I 2018 fekk han likevel kjenne på kor knallhard konkurransen i verdstoppen er, og utanom EM i Berlin, så var det Abderrahman Samba som stal dei aller største overskriftene med siger i alle Diamond League-løpa han stilte i.