Får plass i 2.-divisjon

Hødd sitt damelag skulle i utgangspunktet spele 3.-divisjon, men får sjansen i 2.-divisjon likevel.

Hødd sitt damelag får likevel sjansen til 2.-divisjonsspel den komande sesongen.  

Sport

Det skriv IL Hødd Fotball på sine nettsider. Hødd vann si avdeling i 2018, men over to kvalifiseringskampar mot Træff klarte dei ikkje å sikre den eine opprykksplassen frå Møre og Romsdal.

No får laget likevel moglegheita til å spele 2.-divisjonsfotball den komande sesongen. Ifølgje Hødd sine nettsider har eit lag i avdelinga valt å trekke seg og Hødd har fått tilbod om å overta denne plassen.