Nydeleg avslutning på vinterkarusellen

Sport

Vinterens fjerde, og siste, runde av vinterkarusellen Grimstad Vatnet rundt gjekk føre seg i nydeleg vintersol. Det var vindstilt og ikkje spesielt kaldt, men løypa var noko glatt på grunn av snø og is, så dei fleste sprang med piggsko eller broddar.

Det var 34 løparar som sprang rundt vatnet denne gongen. Etterpå var det premieutdeling som avslutning på vinterkarusellen.