Vann mot Molde 2

Tobias Pettersen Hatløy  Foto: Hødd Fotball

Sport

Det vart siger for Hødd då dei møtte Molde 2 på Aker stadion i Molde i lagets tredje treningskamp så langt i år.

Molde 2, som var forsterka med a-lagsspelaren Vegard Forren, tok føringa i den første delen av kampen og scora kampens to første mål. Diverre for dei var det andre målet eit sjølvmål, slik at stillinga då vart 1-1.

Deretter kom Johannes Sundgot med eit innlegg til Bam Hide som kunne setje inn 1-2. Ungguten Tobias Pettersen Hatløy, som debuterte på Hødd sitt A-lag, fekk æra av å sette inn kampens siste mål og resultatet vart dermed 1-3.

- Vi  leverte betre prestasjonar mot Molde 2 enn det tilfellet var mot Spjelkavik førre helg, seier trenar Sander Håskjold Nyland. Då måtte Hødd sjå seg slått 3-2 på Colorline Stadion.

- I Molde gav vi motstandarane færre målsjansar, medan vi sjølve skapte fleire sjansar framfor Molde-målet, så kampen var absolutt ei positiv oppleving. Mange av spelarane våre fekk dessutan verdifulle speleminutt i denne kampen, seier Nyland.

Komande laurdag møter dei Spjelkavik til ny treningskamp, denne gongen på heimebane.

Hødd stilte med Ole Monrad Alme - Daniel Eid, Jens Husebø, Joakim Wrele, Preben Sætre - Bam Hide, Bendik Rise, Eirik Franke Saunes - Robin Hjelmeseth, Joachim Osvold og William Fjørtoft.

Innbytarar var Johannes Sundgot, Tobias Pettersen Hatløy og Bendik Engen