Start i jobben umiddelbart

Hødd har fått ny dagleg leiar

Per Arve Moldskred er tilsett som ny dagleg leiar i Hødd med øyeblikkeleg verknad, etter at Oddmund Otterlei har fått fritak frå å jobbe i oppseiingsperioden som opphaveleg var ut april.  Foto: Andreas Steinnes Bjerknes

Sport

Per Arve Moldskred har takka ja til jobben som dagleg leiar i Hødd. Han trer inn i rolla med ein gong, ettersom tidlegare daglig leiar Oddmund Otterlei og styret har blitt einige om å frita Otterlei frå arbeidsplikta i oppseiingstida ut april, melder Hødd i ei pressemelding søndag kveld. Moldskred har vore tilsett i Hødd sidan 2004 og har såleis lang erfaring frå klubbdrift.


Laurdagspraten - møt Per Arve Moldskred:

Traktor og kontor

– Eg har gått nokre rundar med meg sjølv, seier Per Arve Moldskred, som er anleggs- og breiddesjef i Hødd. To andre i administrasjonen har sagt opp, men Moldskred har bestemt seg for å halde fram i klubben som oldefaren var med og stifte for 100 år sidan.

 

- Per Arve kjenner klubben ut og inn og styret er nøgde med at han no skal leie klubben i tida framover, seier styreleiar lIvar Morten Normark.