Per Arve Moldskred er Hødd sin nye daglege leiar:

– Det har vore ei krevjande tid

Det har storma rundt Hødd i lengre tid. No skal Per Arve Moldskred styre klubben mot rolegare sjø.

Ny dagleg leiar: Per Arve Moldskred har også tidlegare fungert i rolla som dagleg leiar i kortare periodar, men no er det han som skal styre Hødd-skuta vidare etter Oddmund Davik Otterlei. Foto: Linda Eikrem.  Foto: Linda Eikrem

Sport

Sentrale personar har forlate skuta, eller er i ferd med å gjere det. Økonomien har vore svært utfordrande og A-laget er eit godt stykka unna der dei bør vere når sesongen tek til. Midt oppe i dette har Per Arve Moldskred tatt over som dagleg leiar etter Oddmund Davik Otterlei.