Torbjørn Kallevåg før medlemsmøtet onsdag kveld:

- Viktig å bevare den spesielle Hødd-sjela og dei stolte tradisjonane

Tidlegare Hødd-profil og no FK Haugesund-spelar Torbjørn Kallevåg meiner ein må få alt av fakta på bordet under medlemsmøtet onsdag kveld.

Torbjørn Kallevåg meiner det er veldig trist at Sindre Eid har slutta som Hødd-trenar. Her er dei to fotografert etter at Kallevåg hadde spelt sin siste kamp i Hødd-trøya i 2017.  Foto: Arkiv/Per Werkland.

Sport

Det er garantert fleire tidlegare Hødd-profilar i både inn- og utland som følgjer godt med på situasjonen i gamleklubben for tida. Éin av desse er Hødd sin tidlegare midtbanestrateg Torbjørn Kallevåg - no FK Haugesund-spelar i Eliteserien. Han er også av dei som frå avstand vil følgje nøye med på medlemsmøtet onsdag kveld. Vikebladet Vestposten blir til stades, og vil oppdatere jamleg utover i møtet.

Kallevåg kom til Hødd før 2015-sesongen, og var kanskje den viktigaste enkeltspelaren i klubben då han fekk sjansen til å spele i Eliteserien og forlét Høddvoll etter 2017-sesongen. Kjærasten bur framleis i Ulsteinvik, og Kallevåg følgjer elles mykje med på korleis Hødd gjer det.