Sølvvinnar i NM i vektløfting:

– Interessa i Ulsteinvik er faktisk ganske stor

Sist helg sikra Stine Mari Hasfjord sitt tredje NM-sølv i vektløfting. Grunnarbeidet bak medaljane blir gjort på Aktiv-senteret i Varleite.

Krevjande: Det må mykje trening og mykje terping på detaljar til for å kunne hive opp nesten 100 kg over hovudet i støyt. Utan ein eigen trenar må Stine Mari Hasfjord i stor grad filme løfta sine og deretter gjere justeringar ut frå filmsnuttane.  Foto: Andreas Steinnes Bjerknes

Sport

28-åringen er opphavleg frå Namsos, men har dei siste åra budd i Ulsteinvik. Der trener ho sjølv vektløfting, samstundes som ho lærer opp andre innan idretten.