Lorentzen er ny leiar i Hasundgot IL

Ny leiar Eirik Lorentzen er valt som ny leiar i Hasundgot IL. Han tek over vervet etter Bjarte Bergseth.   Foto: Hasundgot IL.

Sport

Tysdag kveld vart Eirik Lorentzen valt inn som ny leiar i Hasundgot IL under årsmøtet i idrettslaget.

Lorentzen tek over for Bjarte Bergseth. Han går over i vervet som sponsoransvarleg.

Under årsmøtet vart det også klart at Martin Løseth vart valt inn som ny fotballformann i klubben.

Torill Haddal vart valt som leiar i økonominemnda, Rune Leine-Dimmen vart valt som leiar for hus og anlegg, medan Gry Antonsen vart valt som leiar i trimgruppa i Hasundgot IL.

Under årsmøtet gjekk det fram at Hasundgot IL gjekk med om lag 18.000 kroner i minus i løpet av 2018, noko som mellom anna er knytt til store eingongsutgifter som til dømes har med overgang til ny utstyrsleverandør.