Flotte resultat under Bamseleikane

Fleire Dimna-utøvarar leverte gode prestasjonar i Stangehallen i helga.

Medaljegrossistar: Synnøve Verås Grimstad og Andrea Skaar Berg sikra seg fleire medaljar (og bamsar) under Bamseleikane i Stangehallen. Skaar Berg vann tre øvingar og tok i tillegg to sølvmedaljar i løpet av stemnet. Her frå dobbelsigeren til Dimna-jentene i høgde. Foto: Arve Hatløy/Dimna IL. 

Bamseleikane: Dimna IL stilte ein liten tropp under Bamseleikane i Stangehallen. Foto: Arve Hatløy/Dimna IL. 

Sport

I løpet av helga har ein liten tropp frå Dimna IL delteke under Bamseleikane i Stangehallen. Det enda med ei rekkje medaljar, mange flotte prestasjonar og personlege rekordar.

Aller best gjekk det i J14-klassa, der Andrea Skaar Berg og Synnøve Verås Grimstad imponerte.

Tre gull

Skaar Berg opna stemnet med å ta gull på 60 meter hekk med tida 9,66. Det var ny personleg rekord.

Det blei det også på Synnøve Verås Grimstad med 9,99. Me det var ho berre seks hundredelar bak bronse, men enda til slutt på fjerdeplass.

Skaar Berg sprang seg også inn til gull i finalen på 60 meter utan hekkar med tida 8,34. Her blei det femteplass på Verås Grimstad, som kom i mål på 8,62.

For Andrea Skaar Berg blei det eit svært vellukka stemne i Stangehallen og i høgdekonkurransen sikra ho seg sitt tredje gull med 1,53 og ny personleg rekord. Her følgde Synnøve Verås Grimstad opp og tok sølvet med tangering av «pers» med 1,50. Begge to kom også på pallen i lengde, Skaar Berg hoppa seg til sølv med 4,71, medan Verås Grimstad sikra seg bronse med 4,63. Skaar Berg fekk også med seg sølv på 200 meter, også der med ny «pers» på tida 27,67.

Sondre Espelid sikra seg bronse på 60 meter i sin første konkurranse i G16-klassen. Det gjorde han med personleg rekord på 7,65. Seinare var han nære medalje på 200 meter, men med 24,31 vart det ein fjerdeplass.

Gabriel Overvåg var nære medalje i fleire øvingar. Han enda på ein fjerdeplass på 200 meter, fem hundredelar bak bronsen, på femteplass i kule og berre eitt fattig hundredel bak bronse i finalen på 60 meter.

Sjå alle resultata frå Bamseleikane her.