21.-plass under Unni & Haralds Pokal i Oslo

Hødd-gymnasten Pernille Eiken Fosse deltok under tradisjonsrik internasjonal konkurranse i Oslo.

Turnveninner: Pernille Eiken Fosse saman med Guro Nevland frå Siddis turn i Stavanger. Foto: Vidar Fosse. 

Sport

Unni & Haralds Pokal er ein årleg konkurranse som blir arrangert av Oslo Turnforening. Der er dei beste norske turnarane med, i tillegg til utøvarar frå mellom anna Island, Sverige, Finland og Nederland.

Hødd-trenar Vidar Fosse fortel at dette også var årets andre FIG-konkurranse og at den dermed er internasjonalt reglement som er lagt til grunn for dømminga.

Pernille Eiken Fosse er sisteårs junior denne sesongen og deltok i ein klasse med heile 80 utøvarar.

– Ho gjorde ei fin konkurranse, med ei fin skrankeøving og ei veldig god bomøving, trass litt ustøheiter. I frittståande turna ho reint og pent, medan ho fekk sin beste karakter i hopp med 11,70, fortel Fosse.

Pernille Eiken Fosse enda på poengsummen 41,40 og vart med det nummer 21 i juniorklassen.

– Framover skal ho halde fram med å trene inn nye element som vil auke vanskegraden hennar. Årets høgdepunkt blir junior-NM på Sotra første helga i juni, fortel Vidar Fosse.

Edel Charlotte Eiken Fosse er skadd og kunne difor ikkje delta under årets konkurranse.