Bjørnebye spelar for Hødd ut sesongen

Tobias Bjørnebye går på lån frå Rosenborg til Hødd ut 2019-sesongen.   Foto: Andreas Steinnes Bjerknes

Sport

Tobias Bjørnebye har trent med Hødd ei vekes tid og spelte treningskampen mot Florø laurdag. Måndag stadfestar Hødd at Rosenborg-spelaren byter ut Lerkendal med Høddvoll denne sesongen.

Rosenborg og Hødd har blitt samde om ein utlånsavtale for 20-åringen, skriv Hødd i ei pressemelding.

"Tobias fann seg raskt til rette i gruppa både på og utanfor bana, og vi har hatt ein god og konstruktiv dialog med Rosenborg BK og set stor pris på at vi fikk dette i orden. Tobias er ein spelar som kan spele i fleire posisjonar på midtbana, og har eigenskapar som passa fint inn saman med dei andre vi har i stallen", seier sportssjef André Nevstad i pressemeldinga.

Spelaren har ikkje debutert for A-laget til Rosenborg, men har ei rekkje kampar for RBK 2.

I pressemeldinga seier Bjørnebye: "Eg har fått eit veldig godt inntrykk av Hødd og Ulsteinvik og gler meg veldig til å bli ein del av av denne klubben som eg har høyrt mykje godt om frå andre som har vore her tidlegare. Eg har blitt godt motteken frå første dag og gruppa består av ein herleg gjeng med mange gode spelarar som vil jobbe hardt for å lukkast saman. Eg gler meg!"