Har fått plass på A-lisensutdanning

Sander Håskjold Nyland har fått plass i det neste kullet til UEFA A-lisensutdanninga.   Foto: Andreas Steinnes Bjerknes

Sport

Sander Håskjold Nyland er ein av 32 trenarar som har fått plass i det neste kullet på UEFA A-lisensutdanninga. Den ferske hovudtrenaren til Hødd var ein av 150 trenarar som søkte om plass på utdanninga som startar i Bergen 16. juni. Det skriv Norges Fotballforbund på sine nettsider.

Håskjold Nyland har her mellom anna selskap av ei rekkje meriterte fotballprofilar. Mellom anna har Erik Mykland, Magne Hoseth, Ingvild Stensland, Bojan Zajic. I tillegg skal ein av Håskjold Nyland sine kollegaer frå 2.-divisjon avdeling 1, Ojan Bijan frå Egersunds IK, delta på utdanninga.