Steffen Moltu til Larsnes/Gursken

Trenar Anders Helsem Hoff saman med sin nyaste rekrutt. Steffen Moltu vender denne sesongen heim til Larsnes/Gursken.   Foto: LGFK

Sport

Fredag vart det klart at Steffen Moltu blir å sjå i Larsnes/Gursken-drakt denne sesongen. Moltu gav seg i Hødd tidlegare i år, men la ikkje skjul på at det var gode moglegheiter for at han ville halde fram med fotballen på eit noko lågare nivå.


 

Moltu har spelt godt over 300 kampar i Hødd, men vender no tilbake til gamle trakter.

- Eg er veldig glad for å signere for moderklubben. Eg har gått gradane i klubben i mine yngre dagar, og mykje av det eg har opplevd på fotballbana kan eg takke dei for. No vil eg gi litt tilbake, og vil forhåpentlegvis bidra med litt ferdigheite, mykje rutine og ein god del pondus. Eg har trena med laget eit par månader, og er veldig glad for å få spele fotball ilag med ein veldig samansveisa, interessant og fin gjeng. Ein god og spennande trenar, og flotte folk rundt laget og klubben. Ikkje minst gler eg meg til å spele fotball framfor eit lidenskapeleg publikum som i alle år har imponert meg med sitt engasjement og lidenskap for klubben, seier Moltu i ei pressemelding frå Larsnes/Gursken.