Fjørtoft har signert

William Fjørtoft har signert kontrakt med Hødd ut 2019.  

Sport

William Fjørtoft har trent med Hødd heile oppkøyringa. No er det klart at han har signert kontrakt med klubben for 2019-sesongen.

Fjørtoft har gått gradene i Hødd, men var ein tur innom Østsiden i fjor haust. Der spelte han ni kampar i 3.-divisjon.

Til Hødd sine nettsider seier sportssjef André Nevstad: ”William har spennande kvalitetar med stor fart og fysikk, han er ein god 1. forsvarar og ei offensiv backtype som vi håper og trur vil ta nye steg i utviklinga si i 2019-sesongen. Han har vore litt uheldig med skadar, men er no frisk og klar og vi gler oss til å jobbe vidare saman med William”