Endeleg i gang med fotballhallen

Tysdag var ein endeleg i gang med gravinga på tomta der fotballhallen skal ligge.  

Her på grusbanen ved Hareid ungdomsskule skal det bli fotballhall, som ein håper står klar før jul.  

Sport

Tysdag vart det første spadetaket tatt i prosessen med bygging av fotballhall i Hareid.

Fotballhallprosjektet har vore i emning i fleire år og gjennom fleire rundar i det politiske apparatet, men denne veka fekk ein endeleg starta med grunnarbeidet på grusbanen ved Hareid stadion/Hareid ungdomsskule. Ifølgje Hareid kommune sine nettsider var det ordførar Anders Riise som fekk tatt det første spadetaket.


Fotballhall-saka skapte diskusjon, men:

Kommunestyret godkjende auka kostnadsramme

 

Målet er at den nye fotballhallen skal stå klar til bruk ein gong før jul og kan dermed bli ei etterlengta julegåve til fotballinteresserte i Hareid kommune.