Droppar å springe i Ostrava

Karsten Warholm leverte eit heilt utruleg løp på 400 meter hekk under Bislett Games, men 47,33 tok på og i etterkant sleit 23-åringen med kraftige leggkramper. No er det klart at han ikkje tek sjansen på å stille på 400 meter flatt i Ostrava denne veka.   Foto: Andreas Bjerknes

Sport

Karsten Warholm har opna sesongen forrykande. Først leverte han sterke 47,85 under vanskelege forhold i Stockholm. Deretter slo han til med europeisk rekord og årets nest-beste tid i verda på 400 meter hekk under Bislett Games. Han ferske rekord er på fantastisk 47,33, men det kosta å levere den type tider og etter løpet sleit Warholm med kraftige krampen i eine leggen.

Denne veka hadde han i utgangspunktet eit ønskje om å springe ein 400 meter flatt under Golden Spike i tsjekkiske Ostrava. Warholm tangerte den europeiske innandørsrekorden på distansen då han tok EM-gull i Glasgow og skulle nok gjerne sett kor nære han kunne kome Thomas Schönlebe sin europeiske utandørsrekord.

No er det likevel klart at Warholm droppar stemnet i Ostrava.

Det stadfestar mor og manager Kristine Haddal etter at Warholm hadde fullført treninga måndag.

Haddal slår fast at det ikkje er nokon dramatikk i at Warholm ikkje stiller i Ostrava, men at løpet kjem litt for tett på til at det vil vere forsvarleg å stille etter krampene på Bislett.

Det er dermed usikkert når ein ser Warholm igjen i konkurranse. Ifølgje Kristine Haddal har ein ikkje lagt konkrete planar for konkurransar utanom NM på Hamar og European Team Championships First League i Sandnes. Begge arrangementa går i august.

Sesongens store mål for Warholm er VM i Doha, men dette startar ikkje før mot slutten av september. Warholm har tidlegare fortalt til Vikebladet Vestposten at ein ikkje kom til å gjennomføre så mange løp tidleg i sesongen, og i større grad vil prioritere trening i den komande perioden.