Møter Godøy på bortebane

Hasundgot møter Godøy på bortebane torsdag.   Foto: Erik K. Heimdal

Sport

Hasundgot kan bite seg fast på øvre halvdel i 5.-divisjon, men då bør det bli poeng borte mot Godøy torsdag kveld.

Det treng ikkje om å bli noko enkel oppgåve, sjølv om Hasundgot så langt har plukka tre poeng meir enn kveldens motstandarar og ligg på ein femteplass i avdelinga.

Sist veke kjempa Hasundgot seg til tre poeng mot Skodje, men det var tett på at dei tre poenga blei eitt, etter at Skodje fekk ei scoring annullert på overtid.

Godøy kjem på si side frå uavgjort borte mot Stranda. Tidlegare i sesongen har laget stort sett veksla på siger og tap, der tre av tre sigrar har kome heime, medan det har blitt tre tap og to uavgjorte på bortebane.

Hasundgot har vore hakket jamnare, med åtte poeng på eige kunstgras og seks poeng på bortebane, men Hasundgot har framleis til gode å tape heime, medan det har blitt to tap på framand gras.