Hareid G14 tapte mot amerikansk lag i morgontimane fredag. Sjå dei siste resultata:

Norway Cup over for i år - alle dei lokale laga er ute

Hareid G14 måtte gi tapt mot amerikanske Gjøa SC New York i semifinalen i B-sluttspelet, men deppa ikkje av den grunn. Laget har prestert veldig godt i turneringa.   Foto: Hareid IL Fotball.

Sport

Fredag var det berre eitt einaste lag att i Norway Cup frå Hareidlandet, Hareid G14. Etter å ha slått Eidanger 2-0 i kvartfinalen torsdag, møtte dei raude og blå det amerikanske laget Gjøa SC New York i semifinalen. Det viste seg å bli litt for tøft for hareidsdølingane, sjølv om gutane kjempa tappert. Hareid scora også eitt mål i kampen mot amerikanarane.