Trygga plassen i 2. divisjon

Anna Nerland Aahjem, her i duell med to Sunndalspelarar, sytte for kampens einaste mål og sikra Hødd tre poeng.  Foto: Jorulf Myrene

Sport

Det vart ein fin start på haustsesongen for damelaget til Hødd. Med 1-0 siger over Sunndal på Høddvoll laurdag, trygga laget sin framtidige eksistens i 2. divisjon. Det var ein jamn og tett kamp med gode sjansar for begge lag, men 37 minutt ut i kampen braut Anna Nerland Aahjem seg forbi tre-fire spelarar og fekk sett ballen i mål.