Warholm best i Diamond League-finalen i Zürich:

Karsten med tidenes nest raskaste 400 meter hekk!

Karsten Warholm sprang inn til tidenes nest raskaste tid på 400 meter hekk under Diamond League-finalen i Zürich - og siger - rett framfor Rai Benjamin frå USA. Warholm sette ny europeisk rekord og ny Diamond League-rekord i same slengen!  Foto: FABRICE COFFRINI/AFP.

Sport

Karsten Warholm har dominert kvart einaste løp på 400 meter hekk han har stilt i denne sesongen.

Men - i Diamond League-finalen i Zürich skulle Dimna IL-utøvaren verkeleg få konkurranse. For i dette løpet stilte også Rai Benjamin, den lynraske, eitt år yngre amerikanaren, som har ein betre personleg rekord enn Karsten - med eitt tiandels sekund. Men i år er det Karsten som hadde vore best fram til dette løpet, med kjempeløpet på 47,12 i London.

Også Kyron McMaster har vist gryande form, sjølv om han "berre" blei tredjemann i Paris i førre løp mot Karsten - der ulsteiningen også gjekk til topps (47,26).

Før løpet i Sveits fekk dessutan Karsten Warholm møte verdsrekordhaldar Kevin Young (46,78), noko som sikkert gav 23-åringen ekstra motivasjon. For det blei faktisk snakka om verdsrekordtider i duellen mellom Warholm og Benjamin - før løpet. Abderrahman Samba, kanskje den aller største konkurrenten til Karsten, stilte ikkje i Zürich.

I mål til tidenes nest raskaste tid!

Karsten opna som vanleg knallhardt frå startblokkene. Han heldt farta oppe, og stod distansen heilt ut - sjølv om Rai Benjamin nærma seg mot slutten. Med det blei han berre den andre nordmannen som har vunne Diamond League. Den første var ein av trenarane hans, tidlegare spydkastar Andreas Thorkildsen.

Karsten braut også draumegrensa på 47 sekund. Med den fantastiske tida 46,92, den nest beste gjennom tidene, vann Warholm framfor nemnde Rai Benjamin - som kom i mål like bak på tida 46.98. Også det ei fantastisk tid - den tredje beste gjennom tidene - som han no deler med ein annan stor konkurrent, Abderrahaman Samba.

Det fantastiske løpet kan du sjå her. (Ekstern lenkje).

- Tårene pressar på

- Det er heilt fantastisk. Eg kjenner tårene pressar på, fordi det er så mykje arbeid som ligg bak, sa Warholm til NRK like etter løpet.

Tida til Warholm er også ny europeisk rekord og Diamond League-rekord! Det blei ikkje verdsrekord - men det er berre 14 hundredelar igjen dit! Det er også fyrste gong to utøvarar spring i mål på ei tid under 47 sekund i eitt og same løp.

Og premien Karsten får for å ha vunne Diamond League-finalen? 50.000 dollar, berre i premiepengar. Den største premien får han derimot i form av tusenvis av lukkeønskingar frå ei heil friidrettsverd, frå vener og kjende i og utanfor heimkommunen Ulstein - og mange, mange fleire.