Måndag vart det klart at Bastian Rasmussen skiftar beite og at den tidlegare kapteinen for Hødd sitt rekruttlag held fram fotballkarrieren i Hareid IL. Hareid IL skriv i ei pressemelding at Rasmussen skreiv under for raudtrøyene måndag, og at laget håpar han skal vere med på å bidra til at laget sikrar ny kontrakt i 4.-divisjon denne hausten.
Bastian Rasmussen går frå Hødd til Hareid og skal hjelpe raudtrøyene kjempe om fornya 4.-divisjonskonrtakt. Foto: Hareid IL Fotball.
Hareid IL sikra seg i den samanheng ein viktig siger borte mot Rollon før helga:
Rollon – Hareid 0-1:
Hareid heldt nullen og tok tre ekstremt viktige poeng
Pijus Marcinkevicius vender tilbake til Bergsøy etter ein halv sesong i Hødd.
Hødd 2 spelte måndag bortekamp mot SIF/Hessa i 4.-divisjon, men det var ikkje berre Bastian Rasmussen som mangla på laget. Det gjorde også Pijus Marcinkevicius, som kom til Hødd frå Bergsøy i vår. No er ungguten tilbake i Bergsøy, etter å ha spelt 14 kampar for Hødd 2 så langt denne våren. Han var også med på fire treningskampar med A-laget til Hødd og blei sittande på benken i A-laget sin seriekamp mot Nardo, men fekk ikkje offisielle kampar for Hødd. No går ferda tilbake til Bergsøy, der han spelte 19 kampar i serie og cup i 2018.
Tysdag går overgangsfristen i lågare divisjonar ut og like før fristen vart det klart at Hasundgot mistar ein viktig bidragsytar. Sebastian Moldskred Kleven melder nemleg overgang til Larsnes/Gursken og skal prøve seg i 4.-divisjon resten av sesongen.
Moldskred Kleven har 55 seriekampar i 5.- og 6.-divisjon for Hasundgot sidan debuten i 2014 og har scora imponerande 41 mål på totalt 61 kampar for laget (inkludert KM-sluttspel og Obos Cup).