Sterkt poeng mot Volda

Hareid tok poeng mot Volda heime på Hareidsmyrane onsdag kveld.  Foto: Andreas Steinnes Bjerknes

Sport

Hareid-damene sikra seg onsdag eit godt resultat heime mot eitt av topplaga i avdelinga. Sjølv om Volda kjempar heilt i toppen av avdelinga, og slo Hareid 5-0 i Volda tidlegare i sesongen, så var det Hareid som tok føringa heime på Hareidsmyrane.

Maria Juul Hansen sette inn 1-0 etter 57 minutt, etter ein mållaus førsteomgang.

Det måtte ei Hareid-jente til for å fikse poeng for Volda. Etter 73 minutt sette Therese Hareide Holstad inn 1-1 og sørga for poengdeling. 

Hareid sikra seg dermed eit svært sterk poeng på heimebane, mot eit lag som frå før berre hadde tapt ein kamp og spelt ein uavgjort.