Kjem frå fire tap på rad

Sebastian Kleven, som her blir takla, har meldt overgang til Larsnes/Gursken og 4. divisjonsfotball. Kleven har vore ein av dei viktigaste bidragsytarane for Hasundgot denne sesongen, og blir vanskeleg å erstatte for 5. divisjonslaget.  Foto: Erik K. Heimdal

Sport

Hasundgot har fått ein frykteleg tung start på haustsesongen, og tapt fire kampar på rad. Dei har rett nok møtt dei fire topplaga, men Hasundgot-trenarane Øystein Muren og Per Gustavsen er nok uansett ikkje nøgde med poengutteljinga. Det sure 4-3-tapet på overtid borte mot Langevåg og 10-3-tapet for Vigra i førre kamp er nok dei kampane som svir mest.