Klarer Hareid å halde "nullen" i fjerde kamp på rad?

Kim-André Alvestad vart matchvinnar med 1-0-scoringa si borte mot Rollon i førre kamp.  Foto: Erik K. Heimdal

Sport

Hareid har opna haustsesongen svært solid, spesielt bakover i bana. Det vart rett nok eit 4-1-tap for Bergsøy rett etter sommarferien, men etter det har "raudtrøyene" ikkje sleppt inn eit einaste mål. 0-0 mot Valder borte, 0-0 mot Emblem heime, og ein forløysande 1-0-siger borte mot Rollon førre veke.