Snipsøyrvatnet rundt:

Rundt Snipsøyrvatnet for 40. gong

Sunnmøres kanskje mest tradisjonsrike mosjonsløp jubilerer 19. oktober.

Snipsøyrvatnet rundt: 46 deltakarar i Snipsøyrvatnet rundt 2018 og 45 av desse fullførte. Årets utgåve er den 40. sidan starten i 1980 og arrangørane slår fast at dette er eit arrangement for alle, uavhengig av form og treningsgrunnlag. Foto: Jorulf Myrene 

For 40. gong? Bjørn Harald Harkjerr etter løpet i 2018. Han og André Gjerde har vore med på alle dei 39 tidlegare løpa. Foto: Jorulf Myrene 

Sport

39 gongar tidlegare har Snipsøyrvatnet rundt blitt arrangert og 19. oktober legg løparane ut på den 40. utgåva, som vanleg med start og målgang på Bigset og tradisjonen tru arrangert under Hareidsstemneveka.

I fjor var det Marcus Megrund frå Valder IL som var raskaste mann og som vann løpet med den sterke tida 41:58. Det heldt til ein 13.-plass på topp 20-lista for menn, der Oddbjørg Skogen tronar øvst med 39:10. Megrund vann også i 2017 og kan sikre seg eit hat-trick med siger også i år.


Snipsøyrvatnet Rundt

Raskast i fjor, raskast i år

Marcus Megrund frå Valder IL gjentok bragda frå i fjor og stakk av med sigeren i den 39. utgåva av Snipsøyrvatnet rundt.

 

Trine Pilskog toppar lista for kvinnene og har den klart beste tida der med 46:41. Kan nokon av årets kvinnelege deltakarar utfordre den tida?

I ei pressemelding frå Hareid IL skriv ein at Snipsøyrvatnet rundt er eit arrangement for alle, uansett om ein er frå søre Sunnmøre, Norge eller andre stadar i verda.

«Same om dei er i kjempeform eller om dei berre mosjonerer ein sjeldan gong. Her er alle like velkomne!»

– Dette er eit breiddearrangement for folk i alle aldrar uavhengig av form og treningsgrunnlag, seier leiar i friidrettsgruppa i Hareid IL, Odd Erling Eriksen.

Snipsøyrvatnet rundt har blitt arrangert 39 gongar tidlegare. Imponerande nok er det to karar, André Gjerde og Bjørn Harald Harkjerr, som har delteke kvar einaste gong løpet har vore arrangert. Fem mann har delteke i 30 eller fleire av dei 39 utgåvene til no.

Sjølve løpet går, som namnet peikar på, rundt Snipsøyrvatnet. Den tyngste kneika i det 12,5 kilometer lange løpet er den seige Ulsetbakken. Arrangørane meiner likevel at det er godt mogleg for dei aller fleste å kome seg gjennom løypa på ein god måte.

«Her gjeld det altså å konkurrere med seg sjølv. Kanskje gjer du det betre enn i fjor? Kanskje er forfallet minka sidan i fjor? Eller kanskje fullfører du løpet for første gong? Kanskje klarer du å jogge alle partia sett vekk frå Ulsetbakken?» skriv Hareid IL i pressemeldinga.

Etter løpet inviterer dei til samling i Hareid klubbhus.

– Vi håper folk ikkje har hastverk etter løpet og blir med på denne samlinga. På Hareid klubbhus blir det høve til å få seg kaffi, kake, sveler og meir til – i tillegg til premieutdeling, opplyser Odd Erling Eriksen.