To på rad for Hasundgot

Heldt nullen i andre kamp på rad og sikra tre nye poeng.

Nicolai Haddal Molvær scora kampens einaste mål då Hasundgot slo Herd 2 på bortebane torsdag.   Foto: Arkiv/Erik K. Heimdal

Sport

Etter å ha sleppt inn heile ti mål borte mot Vigra for to veker sidan, har Hasundgot verkeleg fått tetta igjen bakover dei to siste kampane.

Sist veke vart det 2–0 siger over Volda 2 på heimebane, og torsdag heldt laget fram med siger over Herd 2 på Moa.

Også denne gongen gjekk motstandarane mållause av banen, men mot Herd 2 måtte ikkje Hasundgot vente til slutten av oppgjeret før dei sjølv fekk nettsus.

Nicolai Haddal Molvær sende nemleg Hasundgot i føringa allereie etter ni minutt, med det som etter rapportane var ein skikkeleg susar frå langt hald. Det var Haddal Molvær sitt sjuande seriemål denne sesongen.

Det blei einaste scoringa i kampen og Hasundgot ser ut til å ha snudd den svake innleiinga på haustsesongen.

Kampfakta:

5.-divisjon

Herd II – Hasundgot 0 – 1 (0–1)

Amfi Moa Stadion

Dommar: Steinar Hjelle, Sunnilven IL - Fotball

Mål: 0–1 Nicolai Haddal Molvær (9)

Hasundgot: Joakim Rødven – Marius Hauge Muren, Nedim Mujic, Simon Haddal Spjutøy, Håvard Hatløy Fiskaa – Elias Rooney, Nicolai Haddal Molvær, Nicolai Fjørtoft Vik, Sondre Alyandro Lunde – Cato Veien, Sander Nedreberg Gjerde

Innbytarar: Mats Bigset, Kristoffer Flø, Sander Michael Ringstad, Isak Sundgot, Loke Mork