Andersen stiller under terreng-NM

Dimna-utøvaren frå Hareid har vist svært god løpsform den siste tida.

Terreng-NM: Ådne Andersen er på startlista på 10 kilometer under Terreng-NM i Frognerparken søndag. 

Sport

Det er nemleg ikkje lenge sidan Ådne Andersen vann halvmaraton under Oslo Maraton. I helga sette han personleg rekord på 10 kilometer, då han vart nummer to, sekundet bak vinnaren, under Norgesløpet på Jessheim.


Norgesløpet 10 km:

Fire sekund skilde dei fire beste

Det vart ekstremt tett i toppen på 10 kilometer under Norgesløpet.

 

Søndag ventar ein ny 10 kilometer, men no under NM i terrengløp, som i år blir arrangert av SK Vidar i Frognerparken i Oslo.

I seniorklassen for menn er det meldt på 69 deltkarar. Mellom anna stiller fleire av dei beste frå Norgesløpet sist, i tillegg til fleire sterke langrennsløparar. Didrik Tønseth er definitivt blant dei, og han sikra seg også gullet i fjorårets NM. Tønseth har gull både frå VM og OL som ein del av norske stafettlag, og med fjorårets siger er han truleg også favoritt under årets NM.