Kan hjelpe Hareid med siger over Larsnes/Gursken

Hødd II slo Hareid 2-1 på Høddvoll måndag kveld, og fredag kveld ventar Larsnes/Gursken. Det oppgjeret blir også spelt på Høddvoll.  Foto: Andreas Steinnes Bjerknes

Sport

Hødd II har hatt ein litt varierande haust resultatmessig, der 7-0-tapet for SIF/Hessa var botnpunktet, men dei står no med tre sigrar på sine siste fire kampar. Måndag kveld sigra dei i "Slaget om Hareidlandet" mot Hareid, noko som gir auka sjølvtillit inn mot fredagens kamp der dei møter Larsnes/Gursken.