Svært viktig Søre-derby

Både Hareid og Larsnes/Gursken har mykje å spele for når laga møtest på Hareid fredag kveld.

Møter LGFK: Fredag tek Hareid imot Larsnes/Gursken til det som kan bli ein svært avgjerande kamp i innspurten i 4.-divisjon. Ruben-Kenneth Brandal skal vere tilbake etter karantene. 

Sport

Larsnes/Gursken tok eit langt steg mot fornya 4.-divisjonskontrakt då dei slo Hødd II sist fredag. Det første laget opp på ein 7.-plass i 4.-divisjon og fire poeng framom Hareid før dei to siste serierundane. Samstundes er det ingenting som er sikkert i 4.-divisjon på noverande tidspunkt, mellom anna fordi det framleis er heilt ope kor mange lag som kjem til å rykke ned.

Og skulle Hareid vinne kampen fredag, samt mot Norborg/Brattvåg II om ei veke, medan LGFK taper begge sine to siste, vil Hareid vere forbi LGFK før sesongslutt.

Hareid gjorde det dei måtte heime mot Blindheim sist veke. Det blei berre 2-1, men poenga var viktigare enn resultatet.

Men Hareid treng fleire poeng, i alle fall om dei ikkje skal stole blindt på at både Herd gjer jobben i 3.-divisjon, samt at vinnaren av Sunnmørsavdelinga i 4.-divisjon rykkjer opp.

Skal Hareid skaffe seg ein best mogleg sjanse til å bli verande i 4.-divisjon også i 2020, så må det truleg bli minst fire poeng på dei to siste kampane og helst seks.

Mot Hødd II viste Larsnes/Gursken at dei kan levere betre enn resultata i haust har vist, og dersom LGFK kan mønstre heile «stjernegalleriet» dei har i troppen, så blir det ei solid utfordring for Hareid.

Fredagens heimelag får tilbake Ruben-Kenneth Brandal til LGFK-kampen. Han måtte stå over mot Blindheim grunna for mange gule kort, og er nok svært ivrig på å hjelpe Hareid til det som vil vere tre ekstremt viktige poeng i innspurten.

Denne runda kan også vere avgjerande i toppen av avdelinga. I Volda møtest Volda og Bergsøy til ein kamp som Bergsøy må vinne for å ha sjans til å sikre avdelingssigeren. Poeng til Volda vil sørge for at dei er avdelingsvinnarar allereie før siste serierunde.

Torsdag tapte Emblem 3-5 for SIF/Hessa. Det betyr at Hareid kan passere Emblem med siger over LGFK.