Hasundgot sikra seg ein svært sterk 5. plass i den første sesongen etter opprykket til 5. divisjon med ein 2-1-siger over tabelljumbo Ellingsøy:

- Vi er altfor ineffektive

Laga helsar på kvarandre.  Foto: Erik K. Heimdal

Sport

Torsdag kveld var det klart for sesongens siste serierunde i 5. divisjon, og Ellingsøy gjesta Hasundgot stadion. Dei tilreisande hadde ikkje teke eit einaste poeng på bortebane, og sjølv om dei lenge var med i kampen, så dukka Nicolai Molvær opp og sørga for tre poeng til heimelaget med ein skikkeleg susar.