Lokaloppgjer tysdag

Hareid tek imot Bergsøy 2 i Hareidhallen.

Møter Bergsøy 2: Hareid tek imot naboane frå Herøy til lokaloppgjer i Hareidhallen tysdag kveld. 

Sport

Det er to lag som jaktar sine første poeng denne sesongen som møtest i Hareidhallen tysdag.

Hareid har tapt for Vestnes/Varfjell og Valder/Godøy 2, medan Bergsøy 2 tapte med 11 mål for Aksla i sin første kamp.

Hareid fekk det tøft i bortekampen mot Vestnes/Varfjell for ei vekes tid sidan. Fram til 3–3 var Hareid bra med, men derfrå handla det meste om heimelaget, som til slutt vann 46–22. Då rakna Hareid etter kvart defensivt, og det blei heile 28 baklengsmål i den andre omgangen.



Same helga tapte Bergsøy 18 – 29 for Aksla på bortebane.

Før oppgjeret i Hareidhallen er det berre Hareid og Bergsøy 2 som står utan poeng, men desse to laga er også dei einaste som har spelt færre enn tre kampar til no, og i løpet av november skal Hareid ut i fem kampar.

Det er Rollon som har tatt føringa i avdelinga, med fire strake sigrar til no denne sesongen, men det er berre tre lag som har spelt fire kampar så langt.


Hareid tapte for Valder/Godøy II i serieopninga:

- Det var nokre spelarar som imponerte meg i dag