Tatt ut til Nordisk

Ådne Andersen er i den norske troppen til nordisk meisterskap i terrengløp.   Foto: Leiv Arne Grimstad

Sport

Ådne Andersen har denne hausten imponert stort med fleire svært sterke resultat på lengre distansar. Mellom anna har han vunne halvmaraton under Oslo Maraton, tatt ein andreplass under Norgesløpet og levert gode løp under både Hytteplanmila og NM i terrengløp.



No går det mot deltaking i eit nytt terrengløp for Dimna-utøvaren, som no er tatt ut i den norske troppen til Nordisk meisterskap i terrengløp. Dette blir arrangert i finske Heinola og går 10. november. Det er Norges Friidrettsforbund som skriv dette på sine nettsider.



Dette er 23. gongen det blir arrangert nordisk i terrengløp.


Norgesløpet 10 km:

Fire sekund skilde dei fire beste

Det vart ekstremt tett i toppen på 10 kilometer under Norgesløpet.




Den norske troppen (frå friidrett.no):

Menn senior (9 km):
Eivind Øygard, Jølster IL
Ådne Andersen, Dimna IL
Ole Kasper Harlem Fosser, IL Heming
Halfdan-Emil Færø, Varegg IL
Marius Vedvik, IL Gular

Kvinner senior (7.5 km):
Maria Wågan, IK Tjalve
Amalie Sæten, Ullensaker/Kisa IL
Laget vil ytterlegare bli supplert

Menn junior 19 år (6 km):
Håkon Stavik, Ålesund FIK
Jonatan Vedvik, Tønsberg FIK
Ibrahim Buras, Lillehammer IF
Magnus Tuv Myhre, Brandbu IF

Kvinner junior 19 år (4.5 km):
Ina Halle Haugen, IL Runar
Maren Halle Haugen, IL Runar
Andrea Modin Engesæth, IL Runar
Laget vil ytterlegare bli supplert