Ein siger frå seriegull

Fredrik Aursnes scora i Molde sin 2-0 siger over Kristiansund, då Molde tok eitt langt steg mot seriegull i Eliteserien.   Foto: Per Werkland

Sport

Fredrik Aursnes og Molde kan sikre seriegullet i Eliteserien neste helg.

Laurdag vann Molde 2–0 over Kristiansund og før dei tre siste serierundane i Eliteserien har Fredrik Aursnes og lagkameratane åtte poeng ned til Bodø/Glimt på andreplass. Bodø/Glimt fekk nemleg berre med seg eitt poeng frå sin heimekamp mot Haugesund, og dermed vil Molde-siger over Strømsgodset komande søndag sørge for at gullet hamnar i "Rosenes by".

Laurdag var Fredrik Aursnes sterkt involvert i 2–0 sigeren over Kristiansund og sørga for 1–0 allereie etter 15 minutt, etter flott forarbeid av Mattias Moström. Aursnes spelte heile kampen for Molde, som vann 2–0 etter ei scoring frå Leke James kvarteret ut i den andre omgangen.

Molde har no tre "matchballar" igjen, der ein siger på dei tre siste kampane vil sikre seriegullet. Truleg vil også eitt poeng vere godt nok, ettersom Molde har klart betre målforskjell enn Bodø/Glimt.

Molde møter Strømsgodset, Vålerenga og Bodø/Glimt i sine tre siste kampar.