Hareid møter Træff borte og Rollon heime

To kampar på to dagar for Hareid-damene.

Scora åtte: Maria Juul Hansen stod for åtte av Hareid sine 21 scoringar i heimesigeren over Bergsøy II. I helga møter Hareid Træff 2 borte og Rollon heime. 

Sport

Laurdag går turen til Molde og bortekampen mot Træff II for Hareid.

Sist veke sikra dei sesongens først poeng då Bergsøy II vart slått i Hareidhallen.



Då klatra dei også forbi Træff II som berre har tatt eitt poeng, og tapt fire av fem kampar til no i sesongen.

Træff II spelte uavgjort mot Valder/Godøy II, men elles har det blitt dårleg utteljing for laget som spelar kampane sine i Rekneshallen.

Etter å ha spelt i Molde laurdag er Hareid vertskap for Rollon søndag ettermiddag.

Det blir truleg ei tøff oppgåve for Hareid, som møter det einaste laget som ikkje har gitt frå seg poeng så langt denne sesongen.

Rollon står nemleg med fem strake sigrar i 4.-divisjon og i tre av dei har laget vunne med over 15 mål.