- Tre gode representantar for Hødd

Branntrening: Bendik Rise, Daniel Eid og Eirik Franke Saunes saman med Azar Karadas på Branntrening onsdag. Foto: Lars Arne Nilsen 

Sport

Dei siste dagane har Hødd-trioen Daniel Eid, Eirik Franke Saunes og Bendik Rise vore i Bergen og trent med Eliteserieklubben Brann. Det var den tidlegare Hødd-trenaren Lars Arne Nilsen som inviterte dei tre ulsteinvikarane til Bergen, og Nilsen er full av lovord om dei tre spelarane.