Lyser ikkje ut marknadsstillinga

Sindre Eid byter ut Hødd med AaFK, men Hødd kjem ikkje til å lyse ut stillinga som marknadssjef.

Vurderer ulike løysingar: Hødd sin daglege leiar, Per Arve Moldskred, fortel at ein ikkje lyser ut stillinga som marknadssjef. 

Sport

Denne veka vart det klart at Sindre Eid har fått jobb som utviklingsansvarleg i AaFK. Eid ønskjer å ta til i stillinga så raskt som råd, men Hødd Fotball sin daglege leiar, Per Arve Moldskred, stadfestar at klubben ikkje kjem til å lyse ut stillinga som marknadssjef.